En trøst tilbys
oss som ikke kan
velge og vrake.
Er vi ikke et lys
kan vi være
en lysestake.
(Anders Helseth)
Pensjonist.
Det står ein gamal mann
ved stranda.
Heilt ved flomålet stend han.
Lengst ute
der himmel og hav møtest
ser han barndommen.
Stiv og støl
legg han handa
over augo.
Han ser best slik
ved flomålet
av sitt eige liv.
LADING.
Telefon og nettbrett
er på lading.
Barbermaskina og tannkost
Klokka og bilen
Pacemaker og høyreapparat
skal på lading.
Trua er på lading
heile tida.
SYKLUS
Elsk meg
her ute i himmelranda
vaska av sola og turka av vinden
åpnar vi oss
reine for kvarandre.
Vi er blomar
raude orkidear
med voner
om å gå inn syklusen
evig her ute.
På kne ved senga,
før eg går til ro
og forset søvnen,
er eg ein kristen.
-
For nokre få minuttar
sankar eg saman
bøner og omtanke
for ei heil verd.
Ei lita stund
er eg god
og full av lovnader
om forsaking
og hjelp.
Sovnar --
med reint samvet
etter nesteplikta,
viss om velsigning
vidare.
LIKSKAP
Når ein er
som naturen
hard
kanta
kald
aude
er det godt
å koma hit.
Den harde steinen
er mjuk som hud.
Kanta fjell
er forma og slipt.
Det kalde berget
er varmt av sola.
Aude landskap
er fult av liv.
--Så lat meg vera
som naturen.
Skiftande.
VEKSLING.
Kom regn
skap lukter
reis vokstrar
snu livet
til fruktsame
skiftingar i syklusen.
Berre sol
skapar ikkje liv.
Berre glede
gjev ikkje lukke.
Kom tårer
som lim
mellom vonde
og gode dagar.
Kom regn.
Ein -renning- er grunnlaget i ein vev. Den er grunnlaget som held alt oppe. Og gjer det mogeleg å fletta inn tankar, draumar og følelsar.
Alle desse ord om kjærleik, kven hjeler dei?
Alle desse møte og tog for fred, kven hjelper dei?
Alle desse vakre utstillingar og tonar, kven hjelper dei?
Alle desse vi møter på gata som svelt og frys, kven hjelper dei?
Det är lysande, Knut! Jag ska följa dina instruktioner så snart jag hinner. Motivet känner vi sen tidigare och att nu bestemor kommer till är helt brilliant!
Ser ut som vi må feriere i Smögen sammen igjen når grensa åpner! Så får du noen nye bilder av barnebarna før de blir konfirmerte!
While visiting relatives in Alesund (1991), we purchased one of your original water colours. We hope to purchase another in August.
Dette ser kjempeinteressant ut, men gjelder dette no i 2018 . Kor i Hardanger held de til?